Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Vigsel

Vigsel

Vigsel er ein fest for kjærleiken. To mennesker lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.

Dei som ønskjer å gifta seg i ei av kyrkjene i Etne kommune må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtala dato for bryllaupet.  De kan òg nå oss på tlf. 53 77 11 70 eller sakshandsamar@etnekyrkja.no om det skulle vera noko de lurer på.

Her er nokre praktiske opplysningar: 

1. Folkeregisteret (ikkje kyrkjekontoret) har ansvaret for den juridiske prøvinga av ekteskapsvilkåra. Brur, brudgom og forlovarar må fylle ut, og signere kvar sine skjema. På det grunnlag blir det utferda Prøvingsattest frå folkeregisteret. Denne er gyldig i 4 mnd. og må vere på kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigsla. Skjema kan finnast på Internett: www.skatteetaten.no  trykk på linken: Skjemaer.

NB! Utan prøvingsdokumentet kan vigselsmannen ikkje foreta vigselen!

2. Vigselsordninga som blir brukt i Den norske kyrkja, opnar for at brudeparet sjølve kan vere med på utforminga av seremonien. På nettsida til kyrkja kan de lesa meir om det: http://www.kyrkja.no/nb-NO/bryllup/

3.  I Etne og Skånevik kyrkjelyder er praksis at ein berre kan ha to personar sitjande saman med brudeparet i korpartiet framme i kyrkja, dvs ein forlovar kvar. Har ein fleire forlovarar, må dei i så fall kanskje sitja nede i kyrkjebenkane pga. trangt om plass framme i dei gamle kyrkjene.

4. Nokre veker før vigsla må me ha ein kontakt med dykk for å avtala tid for samtale med den presten som skal forretta i kyrkja. I samtalen går me så igjennom liturgien, deler tankar om ekteskapet, avtalar salmar og musikk og blir litt kjent før me møtest til vigsle. Det er ikkje nødvendig å ha med forlovarar eller andre til denne samtalen, men kjekt om dei vil. La dei i så fall ha eigen transport – for det er betre å samtale utan nokon som ventar utanfor...

5. Dersom ingen av dykk er folkeregistrert i Etne kommune, vil de bli belasta med eit honorar på kr. 2900,- til den lokale presten som utfører vigselen.               

6. Dersom brureparet ikkje er medlem i Den norske kyrkja, ikkje har bustad i Etne og heller ikkje gjennom familie har tilknyting hit, vil brureparet bli belasta kr. 2500,- til dekking av Etne kyrkjelege fellesråd sine kostnader til organist, kyrkjetenar mm.

7. Me skaffar prest, organist og det som elles trengs under gudstenesta.

8. Brureparet ordnar pynting i kyrkja sjølve. Dersom det er andre som skal vigslast same dagen, kan det vera ein idé å kontakta dei. Kyrkjekontoret er evt. behjelpelige med opplysningar!

 

 

 


Del denne artikkel på e-post