Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Trusopplæring

Trusopplæring

GUD GIR - VI DELER

 

"Lær guten den veg han skal gå, så vik han ikkje av når han vert gamal"

                                                                                                                                             Ordt. 22,6

Dette er bibelverset Etne og Skånevik sokn har trekt fram og tatt med i hovedmålet for trusopplæringa.

I trusopplæringa skal me hjelpe borna og ungdommane til å møte ein levande, treeinig Gud ved å leggje

til rette for ulike trusopplæringar. Dette gjennom forteljingar frå Bibelen - Guds levande ord -

gudstenestefellesskap, undervisning, undring, bøn, song, samtale, leik, og ulike aktivitetar.

 

Målet er at borna skal vite at dei er elska av Gud og kjenne ulike bibelforteljingar frå det gamle og det nye testamentet,

sakramenta, gudstenesta og høgtidene. Borna skal sjå at dei er verdifulle, høyrer heime i og er ressurs i vår lokale kyrkjelyd.

 

Med dette som utgangspunkt er det laga lokale planar i Skånevik og Etne sokn.

Under finn du årshjulet for dei ulike trusopplæringstiltaka og

plan over når dei ulike tiltaka skal gjennomførast.

 

Årshjul for trusopplæringa finn du her

Viktige datoar for våren 2019 finn du her

Viktige datoar for hausten 2019 finn du her

 

Me gler oss til å møte barn og unge i trusopplæringa i sokna våre!

Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på!

 


Del denne artikkel på e-post