Babysong og småbarnstreff

Babysong og småbarnstreff

Babysong og småbarnstreff startar opp att i haust.

Trusopplærar Astrid Askeland Johnsen har no gått av med pensjon, men babysong og småbarnstreff startar opp att til hausten, med nye krefter på plass. 

 

 

Artikkel frå Kyrkjeposten oktober 2017:

"Eg var med på babysong 2016/ -17. Babyar lærer gjennom song. Foreldre og barn blir betre knytt saman, difor er babysong ein fin aktivitet for dei som er heime med barn under 1 år.

Når ein kjem på babysong, sit alle foreldra i ein sirkel på golvet saman med babyane sine. Det vart sunge songar til den enkelte babyen, og songar der me song til vår eigen unge."

Babyen elskar at far og mor syng til den, og bryr seg ikkje om kva songstemme me har. I kyrkja er det stor takhøgde, - du kjem dei gongene det passar for deg, og så er det OK å komma 15 minutt for seint. På babysong trefte me andre foreldre i same situasjon, som me kunne dela erfaringar med.

Alle er velkomne!"

(Astrid Harboe/ Etne sokneråd)

 


Del denne artikkel på e-post