ETNE KYRKJE 5 ÅR!

ETNE KYRKJE 5 ÅR!

Det er allereie gått 5 år sidan Etne kyrkje blei vigsla med stor festivitas og biskopen på besøk i september 2013. Mange, mange menneske har vore innom desse åra. Gudstenester, dåp, vigsler og gravferder – ny-kyrkja har vist seg tenleg på alle vis. KRIK med leik i kyrkjerommet, trusopplæring og babysong, stillferdige kveldsgudstenester eller flotte, store konsertar – kyrkjerommet har plass til ein mangfald av aktivitet og eit mangfald av menneske som blir nådd gjennom desse aktivitetane.

Det blir variert program heile hausten for å markere den flotte kyrkja vår, men især helga 1. – 2. september feirar vi dei første 5 åra til Etne kyrkje.

Jubileumshelga ser slik ut:

  • Laurdag 1. september kl. 19.00: Ryfylke Livsgnist med førestillinga "Nåde".

Ryfylke livsgnist hadde stor suksess med førestillinga "Luther med latter", som dei framførte i samband med 500-årsjubileet til Reformasjonen i 2017. No er det stykket "Nåde" som blir sett opp i Etne kyrkje. Ryfylke Livsgnist presenterer sjølv førestillinga slik:

Ei humoristisk og tankevekkande førestilling om den forunderlege nåden! Det blir sterke og gripande historier, stemningsfull musikk, og sjølvsagt mykje humor!

Billettar kr. 100,-, blir selt ved inngang. 

  • Søndag 2. september kl. 11.00: Jubileumgudsteneste i Etne kyrkje.

Prost Svein Arne Theodorsen, sokneprest Per Hjemdal og sokneprest Stein Ove Skadal. Nattverd. Festkyrkjekaffi etter gudstenesta.

  • Søndag 2. september kl. 19.00: Lovsongskveld

KM-karane deltek og leiar songen, og legg opp til ein god kveld med mange kjente og kjære tonar.

 

Andre arrangement i løpet av hausten, meir kan kome til:

  • Tysdag 23. oktober kl. 19.00: "Babettes gjestebod"

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er ei sanseleg forteljing om raus kjærleik til livet og medmenneska, som set eit granskande ljos på vårt syn om utanforskap. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.
Hordaland Teater står bak denne monologframsyninga der den erfarne og uttrykksfulle skodespelaren Ragnhild Gudbrandsen er på scena, medan Stig Amdam står for regien.

Billetter kr. 250,- hos www.hordalandteater.no eller ved inngangen.

  • Torsdag 8. november k. 18.00: Tore Thomassen med lokale born og Etne Soul children.

Tore Thomassen har i mange år reist rundt i Noreg og leika med born, med konsertar i regi av Rikskonsertane, eller saman med barnekor i kyrkjer og bedehus og andre kulturarrangement. Tore Thomassen bor i Birkenes i Agder, og lever som frilansar i tekst og musikk. Han har laga 11 plater for barn, og fire for vaksne. Han har også skrive fleire barnebøker.

Konserten blir saman med soul children i tillegg til andre interesserte born/vaksne: Born og vaksne som har lyst møter ein time før konserten, me øver i 40 min, har 20 min. pause, og så kjem konserten der koret deltek for å laga ein feiande flott konsert for heile familien!

Konserten er gratis og open for absolutt alle!

 


Del denne artikkel på e-post