Mi kyrkjebok 4

Mi kyrkjebok 4

Kyrkja sitt tilbod til barn som blir 4 år i 2018 i Etne og Skånevik:

Utdeling av 4- årsbok har lange tradisjonar i kyrkja, og mange foreldre hugsar kanskje at dei fekk ei slik bok sjølve då dei var små?

Tradisjonane rundt 4-årsopplegget er litt ulike i Etne og Skånevik. Men felles for begge er utdeling av 4-årsboka under ein familiegudsteneste i kyrkja, med ei koseleg samling med "Kyrkjekaffi" etter gudstenesta.

Slik er programmet i 2018:

Skånevik:

Laurdag 20. oktober kl. 11: Bli kjent-samling i Skånevik kyrkje. Klikk her for påmelding til Bli kjent-samling i Skånevik kyrkje.

Søndag 21. oktober kl.16: Familiegudsteneste  i Skånevik kyrkje med utdeling av bok til 4-åringane. Kyrkjekaffi. Klikk her for påmelding til 4-årsbok Skånevik (slik at me kan ha klar bok med rett namn).

Fjæra:

Søndag 11.november kl.17: Familiegudsteneste i Fjæra kapell med utdeling av bok til 4-åringar og 6-åringar. Kyrkjekaffi. Klikk her for påmelding til utdeling av 4-årsbok Fjæra.

Dersom du vel å få boka utdelt i Fjæra, kan du likevel vera med på bli kjent-samlinga i Skånevik laurdag 20.okt. eller miniskulen i Etne. 

Etne:

Søndag 11. november kl.11: Familiegudsteneste i Etne kyrkje med utdeling av bok til 4-åringane. Kyrkjekaffi. Klikk her for påmelding til 4-årsbok Etne (slik at me kan ha klar bok med namn).

Tysdag 13. november kl. 17: Miniskule på kyrkjetorget, Etne kyrkje. Klikk her for påmelding til Miniskule i Etne kyrkje.

Tysdag 20. november kl. 17: Miniskule på kyrkjetorget, Etne kyrkje.

Tysdag 27. november kl. 17: Miniskule på kyrkjetorget, Etne kyrkje.

Tysdag 4. desember kl. 17: Miniskule på kyrkjetorget; Etne kyrkje.

Søndag 9. desember kl. 11: Familiegudsteneste Etne kyrkje. Utdeling av diplom til 4-åringane. Kyrkjekaffi og juleverkstad etter gudstenesta.

 

Velkommen!

 

Er det noko du lurer på? Ta gjerne kontakt med oss på Kyrkjekontoret tlf. 53 77 11 70

 

Venleg helsing utvala for trusopplæring i Etne og Skånevik,

v/ Randi Matre, Kyrkjelydspedagog.  e-post:  tru@etnekyrkja.no 

 

 

 

 


Del denne artikkel på e-post