ALPHAKURS

ALPHAKURS

Vil du vera med på Alpha-kurs?

Etne kyrkjelyd og Normisjon Etne arrangerer Alpha-kurs i vinter. På eit Alpha-kurs prøver me å koma nærare inn på kva kristen tru handlar om. Alpha-opplegget er eit godt utprøvd konsept, og mange personar både i Noreg og elles i verda har hatt stor glede og nytte av kurset.

Alpha-kurs er ein serie med tankevekkjande og interaktive samlingar der ein utforskar kva kristen tru eigentleg handlar om. Anten ein er nysgjerrig eller berre vil vera med på noko sosialt, er ein like velkommen på kurs. Me vil prøva å få til uformelle og opne samlingar der alle kan senka skuldrene og le litt i lag.

Det vil vere 4 personar som underviser. Deretter blir det samling i grupper kor ein saman utforskar det grunnleggjande i kristentrua. I samtalen blir det høve til å prata, stille alle slags spørsmål, utforska og reflektera. Ingen spørsmål upassande, samtidig som det er heilt opp til kvar enkelt kor mykje eller lite ein vil delta i samtalen.

Alpha er for alle som er nysgjerrige! Det krevst ingen forkunnskap korkje om Bibelen eller trua, og ingen spørsmål er upassande! Kurset er for deg som trur og vil noko meir, og det er for deg som tvilar og lurer på ein del ting, og det er for deg som enno ikkje trur, men er nysgjerrig på det som har med kristendom og Jesus å gjera. Uansett bakgrunn er du velkommen til å vera med.

Alpha-kurset blir på Enge Bedehus. Det blir 10 kurskveldar, med ein enkel kveldsmat som første programpost. Me startar onsdag 17. oktober, og har siste samling i mars.

Høyrest dette spennande ut? For at det skal bli spennande håpar me at mange melder seg på, og at kvar deltakar får setja sitt preg på innhaldet og gjennomføringa av kurset.

Det er lov å møta opp sjølv om ein er usikker på kva dette er, og det er lov å hoppa av om ein ikkje finn at det passar.  

Du kan melda deg på ved å kontakta kyrkjekontoret 53771170 eller 96016864

Påmeldingsfrist 11.oktober.


Del denne artikkel på e-post