Song og kulturkveld

Song og kulturkveld

Fredag 19.oktober vert det song og kulturkveld kl.19.00 på Enge bedehus. 

Me får med oss Svein Kleivane frå Bygland i Setesdal, som er ein framifrå kulturformidlar som det er all grunn til å høyra. Han er ein alt-mogeleg-mann: Sagmeister, brøytebilsjåfør, klokkar, kyrkjetenar, turistguide, kåsør, kjømeister mm. 

Han kan formidla på ein levande måte, anten det er frå Jakob Sande, Henrik Ibsen eller andre klassikarar, og går ikkje av vegen for å syngja ei strofe. Her vert litt av både skjemt og alvor. KM-karane vert med og syng litt inn i mellom. 


Del denne artikkel på e-post