Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Teikneseriebibelen

Teikneseriebibelen

Velkommen til utdeling av Teikneseriebibelen!

 

Kjære 10 åring!

I løpet av hausten vil du møte soknepresten vår Per Hjemdal

på skulen der han vil presentere Vandring gjennom Bibelen

som ein del av KRL- undervisninga (samarbeid skule-kyrkja).

 

I etterkant av dette inviterer kyrkjelyden vår alle 5. klassingane

til gudsteneste med utdeling av Teikneseriebibelen.

 

Utdeling i Skånevik:

Velkommen til hausttakkefest med utdeling av Teikneseriebibelen i

Skånevik kyrkje 29. september kl 17.00

Det blir kyrkjekaffi med utlodning av fruktkorger etter gudstenesten.

Påmelding til Skånevik kyrkje

 

Utdeling i Fjæra:

Velkommen til familiegudsteneste med utdeling av Teikneseriebibelen i

Fjæra Kapell 10. november kl 17.

Det blir kyrkjekaffi etter gudstenesten.

Påmelding til Fjæra Kapell

 

Utdeling i Etne:

Velkommen til familiegudsteneste med utdeling av Teikneseriebibelen i

Etne kyrkje søndag 8. desember kl.11.00

Det blir kyrkjekaffi og juleverkstad etter gudstenesten.

Påmelding til Etne kyrkje

 

Fint om du melder deg på. Oppmøteregistrering vil skje ved inngangen i kyrkja,

så kom gjerne litt i god tid før gudstenesten starter.

 

Velkommen!

 

Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn født i 2009 som er døypte eller

der ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.

Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vere med!


Del denne artikkel på e-post