Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Konsert med Osternes mannskor 2. april

Konsert med Osternes mannskor 2. april

2. april kl. 19 er det konsert i Etne kyrkje med Osternes mannskor.

Osternes mannskor har tidlegare gjesta Etne kyrkje saman med Sondre Bratland, og mange hugsar dei nok også frå kabareten i fjor der dei framførte songar av Alf Prøysen og Erik Bye. 

I år kjem dei til Etne med: 

"Elisabeth-prosjektet."

"Osternes mannskor har lenge sett det som ei viktig oppgåve å presentera lokal kultur for eit større publikum, og trekkja fram I ljoset personar som skriv,spelar og syng I bygda,slik at fleire kan få del i det dei gjer.

Denne gongen har me ønska å presentera eit knippe av songane til Elisabeth Moldestad,ein salme- og songdiktar busett på Fitjar. Alle tekstane og nokre av melodiane er skrivne av Elisabeth sjølv, medan alt er tilrettelagt og arrangert  av korets eigen arrangør, Svein Tørnquist. Musikalsk spenner songane ganske vidt,frå songar med utprega salmekarakter til åndelege viser med røter ned til visebølgja på 1970-talet. Difor spenner og arrangementa frå reine a capella mannskorsatsar til meir solistiske viser med instrumentalt akkompagnement.

Tekstane til Elisabeth er sterkt poetiske og dei ser både livet og bibelsoga frå eit klårt kvinneperspektiv".


Del denne artikkel på e-post