Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Fasteaksjonen i år vert digital

Fasteaksjonen i år vert digital

Konfirmantane pleier vanlegvis gå med bøsser for Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon no i slutten av mars. I år blir det ein digital aksjon. For 200 kr kan ein person få reint vatn for resten av livet.
Det er viktig å ta vare på kvarandre globalt og lokalt 💜

Helsing Kyrkja i Etne og Skånevik.

FASTEAKSJONEN I ÅR HAR BLITT DIGITAL
Verda er i krise, og under desse tilstandane er noko av det aller viktigaste for å forhindra smitte reint vatn og god hygiene. Dette er noko me har mulighet til å oppretthalda i Noreg, men slik er det ikkje i alle land. Heile 1 av 9 menneske har ikkje tilgang på reint vatn i kvardagen.

Kirkens Nødhjelp jobbar for å endra dette, dei arbeider kvar dag for å skaffa reint vatn til dei som ikkje har det. Kirkens Nødhjelp er allereie i gang med opplæring om koronaviruset og smitteførebygging i deira vatn- og hygieneprosjekter i fleire av dei landa dei er til stades i.

I fjor fekk konfirmantane m.fl. i Etne og Skånevik sokn inn til saman 46.236,- kr ved å gå med bøsser fra dør til dør. I år må me tenkja nytt og håpar du vil støtta den digitale bøsseinnsamlinga.

For 200,- kr vil du gje reint vatn til ein person for resten av deira liv. No er det viktigare enn nokon gong å ta vare på kvarandre globalt og lokalt. Du kan gje penger i denne innsamlinga, eller via Vipps eller sms til 2426. Etne og Skånevik sokn set stor pris på ditt bidrag!

Ver med å redda liv, støtt årets fasteaksjon!


Del denne artikkel på e-post