Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Etne og Skånevik kyrkjelydar – kva skjer no?

Etne og Skånevik kyrkjelydar – kva skjer no?

På grunn av korona avlyser me alle arrangement i regi av kyrkja på uviss tid.

Naudsynte kyrkjelege handlingar vil bli gjennomført.

Gudstenester vil bli avlyst inntil vidare.

Dersom ein har spørsmål eller ønsker kontakt med kyrkjekontoret, kan ein ringa 960 16 864.

 

Grunna korona-situasjonen har me nokre retningslinjer som gjeld ved gravferd i kyrkja:

Gravferdsseremoni vert fortrinnsvis gjennomført i Etne kyrkje og i Skånevik kyrkje.

Der er det romslege kyrkjer som me kan ta imot opp mot 50 personar i. Antal vil bli vurdert for kvar gravferd i tråd med kommunelegen si anbefaling. Meir informasjon om praktisk gjennomføring vil koma etter kvart.

 

Har du spørsmål om vigsel eller dåp så ta kontakt:

 

Sokneprest Per Hjemdal: mob. 41126549

Kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad: mob. 96016864


Del denne artikkel på e-post