Etne kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Covid-19 Smittevernplan

Covid-19 Smittevernplan

Gudstenester og kyrkjelege handlingar er kjerneverksemda til Den norske kyrkja, og har ei sentral rolle for mange menneske. Det er difor av stor betydning at kyrkjebygga kan opnast og gudstenester og kyrkjelege handlingar gjennomførast når dette er smittevernfagleg forsvarleg.

For å førebygga og avgrensa smitte, og verna sårbare grupper har kyrkja i Etne og Skånevik utarbeida følgjande forskrift:

  1. Det skal gis opplæring til alle tilsette og frivillig som skal tenestegjera ved kyrkjelege handlingar. Opplæringa skal dokumenterast.

 

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
    1. Dette gjeld personar med symptom på luftvegsinfeksjon
    2. som har koronasmitte
    3. som  er i karantene.

Dette gjeld både besøkande og tilsette/medhjelparar.

 

  1. God hygiene
    1. Informasjon ved inngangsparti – plakatar
    2. Tilgang til handvask for tilsette og deltakarar
    3. Handsprit tilgjengeleg ved inngang
    4. Alt utstyr skal reingjerast før og etter bruk.
    5. Unngå handhelsing, klemmar og anna kroppskontakt

 

  1. Generelle reglar om antall og avstand mm
    1. Maksimum 50 personar i tillegg til personale tilstades i kyrkja. Lågare tal i mindre lokale for å sikra tilstrekkeleg avstand. Dette talet gjeld til nye retningslinjer kjem frå helsemyndigheten.
    2. Avstandskrav på 1 meter må overhaldast både i lokalet og ved inn og utgang eller samling i friluft. Kravet gjeld ikkje personar i same husstand.
    3. Fleire utgangar kan nyttast for å unngå trengsel. Dette må informerast om.
    4. Fysiske tiltak for å bidra til avstand. Set opp stolar i passe avstand, steng av benker som ikkje skal nyttast.
    5. Det skal førast oversikt over dei som er til stades på arrangement og oppbevara denne informasjonen innelåst i 10 dagar før makulering.
    6. Det må vera kyrkjevert til stades ved gudsteneste. Kyrkjeverten har ansvar for deltakarregistrering og syte for informasjon til deltakarane.
    7. Det skal ikkje serverast kyrkjekaffi eller anna felles servering av mat og drikke.
    8. Ved soloinnslag skal avstanden vera større frå solist til publikum.
    9. Ein skal oppfordra til å bruka vipps ved ofring. Dersom det kjem inn kontantar skal ein bruka eingongshanskar ved teljinga.

 

  1. Generelt reinhald, og berøring av inventar og utstyr
    1. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr
    2. Instrument, mikrofonar, bøker mm skal ikkje rørast av andre enn den som skal nytta det.
    3. Salmebøker bør ikkje nyttast. Bruk programark eller powerpoint. I kyrkjer der det ikkje har vore arrangement på 3 dagar kan salmebøker nyttast, då smitten ikkje overlever lenger. Salmebøkene skal ikkje delast ut. Kvar skal ta i hylla, og setja på plass att i hylla.
    4. Tørk over orgel/pianotangentar med fuktig mikroklut dersom fleire personar skal bruka det. Anna utsyr som fleire skal ta i skal desinfiserast.
    5. Det skal utførast generell reingjeringa av lokala, med vanlege reingjeringsmidlar.
    6. Dørhandtak, vaskeservantar, gelender og andre gjenstandar eller kontaktflater som hyppig blir rørt ved skal reingjerast ofte.

 

  1. Gudstenester  Følg eigen tiltaksplan

Gudstenester blir gjennomført i Etne og Skånevik kyrkjer.

Nattverd: Det vert forutsett god handhygiene frå kyrkjetenar og prest ved førebuing av og under  nattverden.

Ved nattverd skal det vera vandre-nattverd og det skal nyttast særkalkar.

Dåpsgudstenester kan gjennomførast med kun dåpsfølgje i alle kyrkjer.

 

 

  1. Vigsler -  Same retningslinjer som for gudsteneste. Berre brurepar og forlovarar ved altaret. Forutsett god handhygiene i forkant og etterkant, kan ekteskapsinngåing og forbøn med handspålegging gjennomførast på vanleg måte.

 

  1. Dåp – Det vert som regel ikkje dåp i ordinære gudstenester – men oppsett eigne dåpsgudstenester ved behov.

Dåpsfølgje står ved døypefonten saman med presten. Det bør vera få personar. Forutsett god handhygiene i forkant og etterkant, kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte.

 

  1. Gravferder – eigne retningslinjer
    1. Retningslinjer skal til ei kvar tid vera i tråd med kommunelege og regjering sine råd.
    2. Maks 50 personar i. pr tillegg til prest, organist, kyrkjetenar og gravferdsbyrå
    3. Alle vert oppfordra til å redusera talet så mykje som mogeleg
    4. 1 meter mellom personar som ikkje er i same husstand.
    5. Songark skal leggast på stolane/benkene annakvar rekke på førehand. Den som gjer det skal bruka hanskar,
    6. Kyrkja skal vaskast før og etter bruk. Sprit alle dørhandtak, også til toaletta, og spyleknapp og vask på toaletta.
    7. Det skal vera tilgjengeleg handsprit ved inngangen.
    8. Ikkje for lang seremoni
    9. Avgrensa solistinnslag
    10. Alle krans-sløyfer skal skrivast opp på papir (gravferdsbyrå), så presten kan lesa helsingane utan å gå ned gjennom kyrkja og løfta opp kransane. Dersom pårørande sjølv ynskjer å lesa opp kransane er det greitt.
    11. Gravferdsbyrået brukar hanskar når dei deler ut kransane før kista blir boren ut.
    12. Gravfølgjet skal ikkje gå ut frå benkene før kista med berarar er komne ut i våpenhuset. Då skal gravfølgjet byrja å gå ut, med god avstand. Dei skal også halda avstand i prosesjonen til grava, og ved grava.
    13. Det er eigne retningslinjer som gjeld filming og overføring av kyrkjelege handlingar.


Del denne artikkel på e-post

izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort