bryllupsplanar?

Dei som ynskjer å gifta seg i ei av kyrkjene i Etne kommune må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dato for bryllaupet.  De kan nå oss på tlf 53 77 11 70 eller post@etnekyrkja.no om det skulle vera noko de lurer på.

Her er nokre praktiske opplysningar om vigsel i Etne og Skånevik:

VIGSEL I KYRKJA

Har de bestemt dato, og bestilt kyrkje? 

På nettsidene til Den norske kyrkja kan de lesa meir om vigsel i kyrkja.

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalt prøving av ekteskapsvilkår. Fra juni 2018 kan de søkja om prøving av ekteskap digitalt. Les meir om viktige skjema på nettsidene til Den norske kyrkja.

Ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret dersom de lurer på noko!