Etne kyrkjelege fellesråd > Påmeldingar > Dåpførespurnad
Dåpsførespurnad

orientering om utfylling
For å starta utfyllinga treng du eit personnummer. Dersom de ikkje har barnet sitt personnummer enno, tek de kontakt med kyrkjekontoret. Tlf.: 53 77 11 70 eller send ein mail til sakshandsamar@etnekyrkja.no  
 
Litt ut i påmeldinga skriv de inn eit mobilnummer,  deretter vil de få ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.
 
Vel kyrkje og dato der det er ledig plass. I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til foreldre. Har de ennå ikkje bestemt namn på barnet, kan de likevel senda påmeldinga.
 
De kan registrere alt no, eller de kan gå inn att seinare, ved å gå til: "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.
 

Fadrar
Ein fadder må ha fylt 15 år og som hovudregel vera medlem av Den norske kyrkja. Medlemmer av andre kyrkjesamfunn kan vera fadrar så lenge dei aksepterer barnedåp. Det er presten som ser til at valet av fadrar svarar til desse vilkåra.

Kvart barn som blir døpt, skal ha minst to fadrar som er til stades ved dåpen. Det er inga øvre grense for antal fadrar. Les meir om å vera fadder her.