Utleige av kyrkjene i Etne og Skånevik sokn

REGLAR FOR UTLEIGE AV KYRKJENE I ETNE KOMMUNE

Vedteke av Etne kyrkjelege fellesråd 25.04.2017 FR-sak nr. 31/17

Godkjent i Bjørgvin Bispedømmeråd…….

 

 

1. GENERELT

All utleige/utlån av kyrkjene føregår i tråd med ”Regelverk for bruk av kirker”, vedtatt av Kirkemøtet i 1991 med heimel i kongelig resolusjon av 25. oktober 1991. Mindre endringar foretatt 1999.

 

 

1.1. Om utleige

1.1.1     Utlån/leige av kyrkjene i Etne kommune til arrangement som ikkje er ein del av kyrkjelyden sitt arbeid, kan berre skje etter godkjenning av soknerådet. Søknad om leige må innehalde beskriving av arrangementet, inkludert tekstar og musikk som skal framføras, samt plan for oppsetjing av teknisk utstyr.

1.1.2     Utleige kan berre skje når kyrkjetenar eller ein person utnemnd av kyrkja er til stades under arrangementet.

1.1.3     Når soknerådet har godkjent utleige av kyrkja, sørgjer kyrkjeverja eller den kyrkjeverja har gitt mynde, for at vilkår for utleige blir avtalt, rekningar sendt etc.

1.1.4     Eventuell avslag på søknad om utleige kan påklagast til biskopen jf. regler for bruk av kyrkja § 8.

 

 

1.2. Leigetakar sine plikter

1.2.1     Leigetakar må rette seg etter dei retningslinjer som blir gitt av soknerådet og kyrkjeverja ved inngåing av avtale om utleige. Dette gjeld pynting, bruk av levande lys, oppsett av teknisk utstyr og andre forhold som kan ha med bevaring av kyrkja sine rom å gjera.

 1.2.2     Leigetakar må rette seg etter regler for brannvern og sørga for nok brannvakter.

 

 

 

2. UTLEIGE TIL KONSERT m.m.

2.1       Ved utleige av kyrkja til konsertar m.m. der arrangement ikkje kjem inn under soknet si verksemd, skal det betalas leige etter følgjande satsar:

10% av brutto inntekter, men minimun kr. 1000,-

Dette dekkjer straum, reinhald og tenestar utført av kyrkjetenar.

Ved særskilde høve kan soknerådet vedta redusert takst (kr.500,-) ved konsertar utan inntekter ved billettsal eller kollekt.

 

2.2       Ved avtalt omvising utanom ordinær arbeidstid kan det betalast kr. 500,-

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3. UTLEIGE TIL VIGSEL

3.1       Vigsler i kyrkjene, for medlemmer av Den norske kyrkja, ved andre enn soknet sine

prestar, kan berre gå føre seg etter soknepresten sitt samtykke.

3.2       Vigsler der ein eller begge bur i, eller har nær familie i kommunen og

er medlemmer av Den norske kyrkja:

Dette vert sett på  som del av kyrkja sitt arbeid og det vert ikkje kravd noko form for avgift.

Dette inkluderer tenester frå kyrkja sin kyrkjetenar, samt organist.

 

3.3       For personar som ikkje kjem inn under punkt 3.2, eller ikkje er medlemer i kyrkja

vert det avgift etter følgjande satsar:

Grunnleige kr.2 000,-  (inkluderer oppvarming, reinhald og tenester utførd av kyrkjetenar)

Tillegg for bruk av tilsett organist Kr. 1 500,-

 

Leigesummen vert kravd inn av kyrkjeverja.

Eventuell betaling til prest må avtalast med forrettande prest.

 

 

 

4. AVGIFT VED GRAVFERD

4.1       Personar busett i Etne kommune

4.1.1                 For personar som var medlem i kyrkja og busett eller hadde nær familie/tilknyting i kommunen då dei døydde, vert det ikkje kravd noko avgift for gravferdsseremonien eller for opning og lukking av grav.

4.2       Personar som ikkje var busett eller hadde nær familie/tilknyting i kommunen

Vert det kravd inn følgjande avgifter

 

4.2.1     Bruk av kyrkja:

Grunnleige kyrkje kr. 2 000,- (inkl. oppvarming, reinhald og tenestar utført av kyrkjetenar)

Tillegg ved bruk av tilsett organist  kr. 1 500,-

 

4.2.2     Opning og lukking av grav:

Opning og lukking av kistegrav kr. 2500,-

Opning og lukking av urnegrav kr. 1000,-

Leigesummen vert innkravd av kyrkjeverja.

Eventuell betaling til prest må avtalast med forrettande prest.

4.3       For personar som ikkje var medlem i kyrkja, men busett eller hadde nær familie/tilknyting i kommunen  vert det kravd inn følgjande avgift        

 

4.3.1     Grunnleige kyrkje kr. 2 000,- (inkl. oppvarming, reinhald og tenestar utført av kyrkjetenar)

Tillegg ved bruk av tilsett organist  kr. 1 500,-

 

 

5 IKRAFTTREDELSE OG VERKNAD

Reglane trer i kraft frå og med 01.mai 2017