Julekonsert i Skånevik kyrkje torsdag 18. desember kl. 19.00.
Songaren Leif Jone Ølberg er på juleturné saman med far sin, Lars Bernhardt Ølberg. Dei kjem til Skånevik 18. desember.
Med sin varme og kraftfulle stemme treff han publikum rett i hjartet, og med konserten Sæle Jolekveld inviterer han publikum til en musikalsk time prega av glede, høytid og nærhet.
Leif Jone Ølberg har si utdanning frå Stavanger, London og Operaakademiet i København, og har omfattande internasjonal erfaring fra både opera og konsertsal. Han har vore solist ved Den Jyske Opera og Den Kongelige Opera i København, der han har sunge store operaroller, og han er en mye brukt solist i dei store oratoriene av Bach og Händel.
Dei siste åra har Leif Jone vore engasjert av den norsk-kenyanske songeren Rhoda Wilhelmsen, til å vera med og bidra med å byggia opp eit klassisk musikkmiljø i Nairobi. Der har han undervist kenyanske songarar, sunge roller i afrikanske operaer, og delteke i konsertar og kyrkjemusikkprosjekt.
Her heime held han jamleg konsertar saman med far sin som både er prest, sist i Odda, organist og pianist. Saman har dei gjennomført turnéar over heile landet, og i desember legg dei ut på ein stor advents- og juleturné fra nord til sør i Rogaland - og i Odda og Skånevik.
Konserten har tittelen «Sæle Jolekveld», og byr på vakker blanding av klassisk julemusikk, kjende, men sjeldnare framførde julesonger, og nokre nyare innslag. Den folkekjære O helga natt blir sjølvsagt eit av høydepunka.
Frå Nordisk julekonsert i Hauptkirche Sankt Michaeli, Hamburg, 16. des. 2024:
"Leif Jone Ølbergs stemme fyllte den store kirken og berørte tilhørerne dypt."
Vel møtt til ein julekonsert fylt av stemning, glede og forventning!
Billettar kan forhåndskjøpast på www.melodypipe.com, eller i døra med kontant/vipps