gravferd

Til deg som har ansvar for gravferda

Gravferdslova krev at ein enkeltperson er ansvarleg for gravferda. Vedkomande skal blant anna vera med og avgjere:

- kva gravplass den døde skal gravleggast på

- kven som skal vera ansvarleg/festar for gravstaden.

Ein kan gjerne engasjera gravferdsbyrå. Byrået vil ut frå mandat gitt av familien, vera behjelpeleg med å ordna det praktiske ved gravferda.

Ynskje frå avdøde bør respekterast så langt det er praktisk. Når det gjeld kremasjon, er det krav om at ein fylgjer avdøde sine ynskje.

 

Til deg som skal velja ny grav

Alle som er busett i kommunen, har rett til fri grav. Dødfødde barn har same rett gjennom mor eller far. Retten til grav gjeld òg når avdøde grunna sjukdom eller alderdom har vore busett i annan kommune mot slutten av livet.

Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at personar utan bustad i kommunen vert gravlagt på ein gravplass i kommunen. Det vert då kravd økonomisk dekking av kostnadane ved gravferda.  

Val av gravstad vert gjort i samråd med kyrkjeverja. Det er kyrkjeverja som har avgjerdsmynde.

Feste (reservering) av grav vert berre gjort i samband med dødsfall. Ei festa grav er vanlegvis grava ved sida av avdød ektefelle. Desse 2 gravene utgjer då ein gravstad. Etter søknad til kyrkjeleg fellesråd er det ved spesielle tilfelle høve til å kunna festa enda ein ekstra gravstad ved sida av.

Pris feste av grav: 2 000,- for inntil 20 år.

Ved kremasjon i staden for jordfesting, kan ein be om urnegrav. Ei urnegrav har plass for inntil fire oskeurner.

 

Til deg som vil nytta eksisterande grav

Ei grav kan nyttast til ny gravlegging når det er gått 20 år etter sist gravlegging. Urne kan likevel setjast ned sjølv om fredingstida ikkje er gått ut. Når det er ynskje om å nytta ei eksisterande grav, må den som sørgjer for gravferda henta løyve hjå den som er festar for gravstaden.

 

Etter gravferda

2-3 veker etter gravferda vil gravplasspersonalet ta vekk visne blomar og kransar frå grava. Dersom pårørande sjølve vil ta vekk blomane, er det ingenting i vegen for det. Når jordhaugen på grava begynner å setja seg, normalt etter 4-6 månader etter gravferda, vil personalet på gravplassen jamne grava slik at den kjem i flukt med bakken. Deretter vil det bli sådd i gras.

Til deg som skal skaffa eit gravminne

Alle gravminne som vert montert må vera godkjende av kyrkjeverja i Etne. Gravminne kan berre monterast på tilvist stad til avtalt tid.Det er dei pårørande som sørgjer for og har ansvar for stell av gravminne.

For at grava skal få tid til å setje seg og gravminnet stå stødig, skal gravminne normalt ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste.

På ny festa gravstad vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som først er tatt i bruk. Etter at grav nummer to er tatt i bruk, skal det berre brukast eitt gravminne og det skal stå på den første grava som er tatt i bruk.

Fastmonterte dekorgjenstandar, namneplater, fundament eller sokkel vert rekna som del av gravminnet og skal godkjennast av kyrkjeleg fellesråd.

Gravminnet skal monterast forskriftsmessig i veggrus. Gravminnet skal sikrast med fundament og 2 stålboltar som bind saman fundamentet og gravminnet. Fundamentet skal vere dobbelt så breitt som gravminnet.

 

Til deg som skal pynta ved gravstaden

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vera breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vera opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikka lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet. Det skal ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går utover plantefeltet.

Plantefeltet kan rammast inn av bedplate eller delt natursteinskans som fluktar med terrenget rundt. Fellesrådet tek ikkje ansvar for skader på slik kant eller plate som vert påført under klypping av kyrkjegarden.

Lause dekorgjenstandar, gravutstyr og planter er ansvarleg festar sitt ansvar. Restar frå blomar, kransar, gravlykter må kastast på tilvist stad, og lause dekorting fjernast etter bruk. Desse må ikkje vera til hinder eller fare for drifta av kyrkjegarden. Det er viktig at alle deltek slik at gravplassane ser velstelte ut. Plantefelt som ikkje vert nytta vert sådd til med gras.

Avtale om stell av grav

Ved kyrkjekontoret er det mogeleg å gjera avtale om stell av plantefelt mot betaling. (Stelleavtale for inntil 20 år).

Når grav skal slettast

Dersom festeavtalen ikkje vert fornya, vil gravstaden bli sletta når fredingstida er gått ut. Der det er registrert ein person med festeansvar, blir ingen grav blir sletta før det er gitt melding til vedkommande. Eigedomsretten til gravminnet høyrer til dei pårørande. Bedrifter som leverer gravminne, kan hjelpe med å avhende desse.

Festeavgifter

Ei grav er gratis i fredingsperioden på 20 år. Festegrava må ein betala for. Etter at fredingsperioden er gått ut, kan festeavtalen forlengast i inntil 60 år, med ein periode på 10 år om gongen.

Vedtekne satsar for festeavgifter frå 1.1.2017:

Alder på grav:                                   Festeavgift pr. år

20-40 år:                                                             Kr. 150,-

40-60 år:                                                             kr. 250,-

Over 60 år:                                                        kr. 350,-

Diverse

Det er Etne kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drift og vedlikehald av gravplassane i Etne kommune. For andre opplysningar er du velkommen til å ta kontakt med kyrkjeverja på tlf. 53 77 11 70 eller besøksadresse Etne kyrkjekontor på Enge, i Etne kyrkje.

Denne orienteringa er utarbeidd på bakrunn av gravferdslova av 1996, forskrifter til denne lova og lokale vedtekter for gravplassane i Etne kommune.