Etne kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Konfirmasjon
Velkommen som konfirmant i Etne og Skånevik kyrkjelydar!
konfirmasjon

Konfirmasjonen er ei tid for å tenkja på mange av dei store spørsmåla i livet. Dei fleste kjem til ein stad i livet der det foreldra eller andre viktige personar seier ikkje er nok, men der ein vil tenkja og meina sjølv. Det gjeld ikkje minst spørsmåla som rammar livet inn. Kvifor er me her? Kva er meininga med livet? Finst Gud? Kva kan me vita om han? Og kva skjer når me døyr?

Konfirmasjonstida er kyrkja si stemme i møte med desse og andre store spørsmål.

Du kan vera konfirmant i kyrkja sjølv om du er usikker på om du trur på Gud. Du er velkommen uansett om du trur, tvilar, eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida kan du utforska mange viktige spørsmål saman med andre. Og om du til slutt vi stå konfirmant i kyrkja, kan du bestemma etter kvart!

Det er ein føresetnad at ein er døypt for å bli konfirmert. Dersom ein ikkje er døypt, kan ein likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velja om ein vil bli døypt undervegs.

Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår. Som konfirmant får du læra meir om Gud og deg sjølv. Me snakkar om livet – på godt og vondt. Samtidig får du mange nye opplevingar. Du skal få læra meir om kvifor du vart døypt og kva det betyr. Du skal læra meir om den kristne trua og kva den har å seie for våre liv.

Konfirmasjonsåret er eit høve til å finna ut av kva du skal tru og meina, og til å bli betre kjend med kyrkja, og rett og slett finna din plass i kyrkjelyden.

Som konfirmant i Etne og Skånevik får du innblikk i gudstenestelivet, og sjølvsagt følgja undervisningstimane.

Konfirmantane  reiser på den årlege konfirmantfestivalen på Bømlo ein søndag i februar, der konfirmantane frå heile Sunnhordland er med på cup og «plug and play» aktivitetar.

Du kan vera med på den årlege Loved KonfCamp som Acta – barn og unge i Normisjon arrangerer i Etne første del av påska, der det er samla omlag 400 konfirmantar.

I Etne går konfirmasjonsførebuinga føre seg i Etne kyrkje. Der vert det feira presentasjonsgudsteneste, og seinare samtale- og konfirmasjonsgudsteneste. Kyrkjetorget blir nytta som undervisningsrom. Dei siste åra har ein brukt å samlast onsdagskveldar kl. 18 til undervisning.

I Skånevik går konfirmasjonsundervisninga føre seg i kyrkja tysdagar kl.18. Her er også presentasjonsgudsteneste og samtalegudsteneste. Konfirmasjonsgudstenester finn stad både i Skånevik kyrkje og Fjæra kapell.