Mi kyrkjebok 4


Kyrkja sitt tilbod til barn som blir 4 år i 2020 i Etne og Skånevik:

 

Kjære 4 åring!

I år fyller du 4 år og me er så glade for at du er ein del av kyrkjelyden vår. Me vil derfor gi deg Mi Kyrkjebok 4, ei spennande bok med songar, bibelforteljingar og teikneseriar om Bo og Nora.

Me ynskjer å invitera deg til familiegudsteneste i Skånevik, Fjæra eller Etne der det er utdeling av Mi Kyrkjebok 4. Meld deg på i forkant av gudstenesten så ligg det bok klar med navn i når du kjem til kyrkja.

Slik er programmet i 2020:

Utdeling i Skånevik:

Velkommen til familiegudsteneste i

Skånevik kyrkje søndag 18. oktober kl 11.

Kyrkjekaffi etter gudstenesten

Påmelding Mi kyrkjebok 4 i Skånevik ligg her

I Skånevik inviterer me deg til å vere med på "Bli-kjent" samling i

Skånevik kyrkje lørdag 17. oktober kl 11-12.30.

Her blir det samling med song, bibelforteljing, litt mat og hobbyaktivitet.

Påmelding "Bli-kjent" samling ligg her

Utdeling i Etne:

Velkommen til familiegudstenste i

Etne kyrkje søndag 8. november kl 11

Kyrkjekaffi etter gudstenesten

Påmelding Mi kyrkjebok 4 i Etne ligg her

I Etne inviterer me deg også til "Miniskule" på kyrkjetorget mandag 9., 16. og 23. og 30. november.

Her blir det samling med bibelforteljing, song, litt mat og hobbyaktivitet.

På familiegudstenste i Etne kyrkje den 6. desember, blir det utdeling av diplom til dei som har vore med på Miniskulen.

Påmelding Miniskule ligg her

Utdeling i Fjæra:

Velkommen til familiegudstenste

i Fjæra Kapell søndag 8. november kl 17.

Kyrkjekaffi etter gudstenesten.

Påmelding Mi Kyrkjebok 4 i Fjæra ligg her

Du i Fjæra kan velge om du vil melde deg på "Bli-kjent" samling i Skånevik eller

være med på "Miniskule" i Etne.

Velkommen!

Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på.

Venleg helsing utvala for trusopplæring i Etne og Skånevik,

v/ Elisabeth Vae Haaland

Kyrkjelydspedagog. 

53771172 / 90062728

tru@etnekyrkja.no 

Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Etne og Skånevik som er født i 2016

som er døypte eller der ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.

Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja er dei sjølvsagt velkommen til å vera med!

Tilbake