AVLYST Strikkekafè i Etne kyrkje


Strikkekafèen er avlyst fram til jul grunna koronasituasjonen, men håpar å komma sterkt attende etter nyttår!

Likar du å strikka på heimebane, kan du likevel bidra til fellesprosjektet med strikking av varme tepper born i Nepal, der Normisjon m.a. har engasjert seg i å bygga opp helsetenester for dei fattige.

Ta kontakt med leiar i Diakoniutvalet dersom du ønskjer å veta meir: Reidun Sande, mob. 45203865.

 

Diakoniutvalet i Etne startar opp att med strikkekafè på kyrkjetorget måndagar kl. 19, ein gong i månaden, frå 17. august.

Datoar: 17.08 - 14.09 - 12.10 - 09.11 og 07.12. 

Dette er tenkt som ein uformell, koseleg møteplass for folk i alle aldrar. Ein kan ha med seg eige strikketøy (eller anna handarbeid), eller ein kan ta del i felles restegarnprosjekt der ein kan laga ting som kan vera til glede og nytte for andre. 

Det vil bli enkel servering, drøs, og ei lita samling med forteljing, diktlesning eller andre kveldstankar. 

Sjølvsagt med høveleg korona- avstand!

Håpar mange har lyst å vera med :-) 

 

Helsing Diakoniutvalet/ Etne sokneråd

Tilbake