JULEGÅVEVERKSTAD


JULEGÅVEVERKSTAD


Til deg som bur i Etne og som fyller 9 år dette året!

 

Hei 4. klassing!
Velkommen til julegåveverkstad på KM karane sin verkstad på Sørstranda (tidlegare Sørstranda Bedehus).
Her kan du lage dine eigne julegåver i tre, og får hjelp av KM karane som har mykje kunnskap om trearbeid.
Det blir to samlingar i november, slik at du rekk å bli ferdig med det du har starta på før jul. 
 

Gruppe 1: tirsdag 11. november og 18. november kl 17.30 - 19.30 

Gruppe 2: torsdag 13.november og 20. november kl 17.30 - 19.30

Det er plass til 8 deltakerar på kvar gruppe, så ver raskt ute med påmelding. Om gruppene blir fullteikna kan ein sette seg opp på venteliste. Om det blir mange nok på venteliste blir det satt opp to nye datoar for denne gruppa.

 

Påmelding ligg her

 

Velkommen!

 

Med venleg helsing

Anne Holter Vae

Kyrkjelydspedagog

53771172/99158814

 

Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Etne som er født i 2016
som er døypte og medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.
Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vera med!

Tilbake