Adventsnatt i kyrkja. Me inviterer alle som er 11 år til å vera med å feire kyrkja sitt nyttår i Skånevik kyrkje.
Har du lyst til å vera med på noko spennande? Vil du vera med på Lys vaken?
Første søndag i advent er det nyttår i kyrkja.
Dette skal me feire, saman med 11-åringar i kyrkjelydar over heile landet!
Me feirer helga før altså lørdag 21. november til søndag 22. november.
Da inviterer me deg til å bli med på Lys Vaken.
Vi samlast lørdag 21. nov kl. 17. i Skånevik kyrkje.
Då skal me ha sporleik, bli kjent leikar, synge og danse, lage gudsteneste, ete pizza, utforske kyrkja,
gå opp i klokketårnet, ete boller og kakao og sist, men ikkje minst sove over i kyrkja (dette er avhenging av om me får voksne til å overnatta med ungane).
På søndag et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta som tek til kl. 11.
Bli med og meld deg på her innan Tysdag 17. november:
Påmelding til Lys vaken
Me gler oss til å treffa deg!
Velkommen!
Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Skånevik og Etne som er født i 2015
og medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.
Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja, er dei sjølvsagt velkomne til å vera med!