Kyrkja sitt tilbod til barn som blir 4 år i 2025 i Etne og Skånevik:
Kjære 4 åring!
I år fyller du 4 år og me er så glade for at du er ein del av kyrkjelyden vår.
Me vil derfor gi deg Mi Kyrkjebok 4, ei spennande bok med songar,
bibelforteljingar og teikneseriar om Bo og Nora.
Utdeling i Skånevik:
Velkommen til familiegudsteneste i
Skånevik kyrkje søndag 19. oktober kl 16.
Kyrkjekaffi etter gudstenesten
Påmelding Mi kyrkjebok 4 i Skånevik ligg her
Utdeling i Etne:
Velkommen til familiegudstenste i
Etne kyrkje søndag 19. november kl 11
Kyrkjekaffi etter gudstenesten
I Etne inviterer me deg også til "Miniskule" på kyrkjetorget tirsdag 21. og 28. oktober og 4. november.
Her blir det samling med bibelforteljing, song, litt mat og hobbyaktivitet.
Påmelding Mi kyrkjebok 4 og Miniskule i Etne ligg her
Velkommen!
Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på.
Venleg helsing utvala for trusopplæring i Etne og Skånevik,
v/ Randi Matre
Kyrkjelydspedagog.
53771172 / 99643674
tru@etnekyrkja.no
Dette er eit ledd i trusopplæringa i kyrkjelyden vår. Alle barn i Etne og Skånevik som er født i 2015
som er døypte eller der ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja vil få tilsendt brev med invitasjon i posten.
Om du kjenner barn som ikkje er medlem av kyrkja er dei sjølvsagt velkommen til å vera med!