Måndag 13. november kl. 19 kjem Helge Simonnes til Skånevik hotell med foredraget «Putins hellige krig»
Foredraget er basert på boka med same tittel. Den kom ut sist vår, og er innkjøpt av Kulturrådet.
Simonnes er tidlegare sjefredaktør i Vårt Land og har gitt ut fleire bøker i skjeringspunktetet religion og politikk. Han har dei siste sju åra vore fast spaltist i Dagsavisen omkring dette temaet.
Simonnes besøkte sist haust Etne med foredrag om boka han skreiv i 0221, «Trump, Gud og kirken».
- "Då kom det svært mykje folk. Med aktualiteten rundt krigen i Ukraina og den betente konflikten i Midtøsten, er det viktig at vi set søkelys på korleis kyrkjer og religiøs retorikk kan bli brukt i ein politisk konflikt", seier Reidar Leknes som er ein av initiativtakarne i regi av soknerådet.
Den russisk-ortodokse kirke har vore ein iherdig støttespelar av Putins krigføring i Ukraina. Allereie i 2012 uttalte patriark Kirill at Putins leirarskap i Russland var eit resultat av eit «Guds mirakel». Kyrkja ser ikkje på Russlands krigføring som ein angrepskrig, men som ein forsvarskrig.
- "Vladimir Putin har spelt aktivt på kors og helgendyrking i den politiske agitasjonen. Han er ikkje åleine. Stadig fleire politikarar rundt om i verda gjer seg nytte av religiøs retorikk når dei skal skaffe seg veljarar. Det gjeld også europeiske leiarar. I muslismske land har dette vore vanleg lenge, og Recip Erdogan i Tyrkia har teke dette til nye høgder", seier Helge Simonnes.
Enkel servering. Entrè kr. 200,-.
Arrangementet er støtta av Norsk Forfattersentrum.
Tekst bilete: Tidlegare sjefredaktør Helge Simonnes i Vårt Land held foredraget «Putins hellige krig» i Skånevik hotell måndag 13. november.