KONSERT I ETNE KYRKJE 13. APRIL kl.17.00
Kvinnekoret Stord con Spirito under leiing av sin dirigent Tore Kloster vitjar Etne kyrkje laurdag 13. april kl. 17. Konserten har fått tittelen «Verdi med blomar og kvende», eit sitat frå Olav H. Hauge sitt dikt «I dag og i morgon». Her formidlar Hauge det intenst vidunderlege i at «eg» lever akkurat no, i alt som er forgjengeleg: «Verdi med blomar og kvende er i dag mi!». I ein liten time med vakker song ynskjer koret å ta med publikum inn i ei slik stemning og verd.
Naturen rundt oss og livet sjølv er tema i mange av songane. I tillegg til Olav H. Hauge får vi høyre tonsetjing av lyrikarar som Lord Tennyson, Thomas Moore, Halldis Moren Vesaas (den rørande «Einsamflygar») og Jakob Sande.
I programmet presenterer koret også slavisk kyrkjemusikk og ikkje mindre enn to nydelege Ave Maria, ein av Kjell Mørk Karlsen og ein av Gustav Holst, i tillegg til ein sats frå Camille Saint-Saëns sitt Oratorio de Noël, der Solveig Sørheim akkompagnerer på orgel.
I den naturlyriske delen framfører koret også songar av Holst, i tillegg til folketonar og elles musikk av norske nolevande komponistar, t.d. Odd Johan Overøye, som har tonsett Olav H. Hauge sitt «I dag og i morgon».
Tore Kloster, koret sin dyktige dirigent vil også bidra på konserten som tenorsolist saman med Etne si eiga Solveig Sørheim. Tore har vitja Etne fleire gongar før, men det er første gong Stord con Spirito vitjar Etne kyrkje; vi gler oss og håpar folk vil bruke ei lita ettermiddagsstund til å bli kjende med oss og programmet vi har med.
Hilde Svalbjørg, styreleiar, Stord con Spirito