Ledig stilling som kyrkjelydspedagog


Ledig stilling som kyrkjelydspedagog


 

Har du lyst å jobba med barn og unge i alderen 0-18 år?

Etne kyrkjelege fellesråd har ledig inntil 60% stilling som kyrkjelydspedagog.

I kyrkjelydane i Etne- og Skånevik er det eit rikt arbeid for born og unge. Me har mange frivillige medarbeidarar og ein engasjert stab. I Etne har me nye og fine lokalar i den nye kyrkja.  Her er òg mange gamle kyrkjer å utforske. I Skånevik har me ei stor lys kyrkje - med høgt tårn - som rommar mykje aktivitet.

 

Kyrkjelydspedagogen vil få særskilt ansvar for:

  • Leie trusopplæringa 0-18 år i samsvar med den lokale trusopplæringsplanen
  • Planlegge, promotere og gjennomføre tiltak i trusopplæringa.
  • Følgje opp frivillige medarbeidarar
  • Delta på gudstenester i samband med trusopplæringstiltak
  • Delta i skule- og barnehage samarbeidet


Me søkjer ein person som:

  • Har engasjement for og evne til å arbeide med barn og unge.
  • Identifiserer seg med kyrkja si vedkjenning, og formidlar bibelforteljingar og tru med glede og engasjement.
  • Likar å bruka song/musikk og media i formidling
  • Er utadvent og kreativ
  • Er løysingsorientert, god på samarbeid og har evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Beherskar norsk både skriftleg og munnleg

Det vil vere ein fordel om du har relevant utdanning på bachelornivå. Me legg i tillegg stor vekt på relevant erfaring og personlege føresetnader.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i trivelige omgjevnader
  • Godt arbeidsmiljø i ein stab som vil og får til mykje
  • Løn i samsvar med sentrale avtalar og pensjonsordning
  • Pensjonsordning i KLP

Anna

  • Medlemskap i den norske kyrkja
  • Politiattest må kunna leggast fram
  • Stillingsstorleiken kan diskuterast
  • Sokneprestane har ansvar for konfirmantundervisninga, men det kan vera aktuelt å bidra.
  • Ein må rekna med arbeid på kveld og helg.

 

Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med kyrkjeverje eller fellesrådsleiar

Kontaktinformasjon

Aud Jorunn Baustad – kyrkjeverje 53771170 / 97573021

Gerd Ingun Opdal – fellesrådsleiar  90620938
 

Søknadsfrist

Søknad med CV og referansar skal sendast til Etne kyrkjelege fellesråd, Enge 5,  5590 ETNE

Innan 18.august 2025

Tilbake