Heilt enkelt - like stort.
Både vaksne og ungar som ikkje er døypt er velkomne til å bli døypt i ei av kyrkjene våre, større barn, ungdomar og eldre.
Om de vil ha fest med familie og venner er det veldig fint. Men husk at det ikkje er festen som gjer dåpen gyldig. Heilt enkelt er like gyldig!
Den som skal bli døypt må meldast inn elektronisk, sjå under.
Men du må gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret først per telefon. Presten eller ein annan kan svara på spørsåla dine.
Dåpen gir del i det store kyrkjefellesskapet. Som viser seg i den lokale kyrkja, og i dei mange kyrkjene verda rundt. Der forteljingane om Jesus blir haldne levande, og menneske vender seg til Gud med sine liv.
Før dåpen skjer legg me til rette for dåpssamtale med presten for dei som skal bli døypte.
Den som blir døypt blir medlem i Den norske kyrkja. Og for å bli medlem i kyrkja må du vera døypt. Er du usikker på kva det inneber og om du vil, er du velkommen til å ta kontakt med presten for ein avklarande samtale.
PÅMELDING: Gå direkte inn i lenkja Til dåpspåmelding, og søk på den kyrkja du ønskjer å bli døypt i. Dersom du har spørsmål til tidspunktet, ta kontakt med Kyrkjekontoret.
Merk: Påmeldinga er lagt til rette for dåp av små barn. Ved dåp av myndige personar kan du skriva *** i obligatoriske felt som ikkje er relevante.
Dei fleste gudstenestene kan det også vera dåp. Sjå i kalenderen på startsida vår for å finna høveleg dato og kyrkje, eller finn andre datoar Til dåpspåmelding. Eller ta kontakt med kyrkjekontoret viss det er ønskje om spesiell tilrettelegging.
Ved nokre gudstenester er det ikkje høve til dåp, anten av plassomsyn, eller på grunn av spesielt innhald. Generelt er det ikkje dåp på: Langfredag, 17. mai, bots- og bønedag, helgemesse, julaftan, og dei dagane der konfirmantane er i fokus (presentasjon-, samtale- og konfirmasjonsgudstenester).
Ta gjerne kontakt dersom de lurer på noko!
Etne kyrkjekontor:
Tlf. 53 77 11 70
sakshandsamar@etnekyrkja.no
Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.
Mark. 10, 13- 16