Dåpsgudstenester


Det er stadig endringar i kva reglar som gjeld under korona-pandemien. No har me, som alle sikkert veit, hatt ei oppbløming av covid-19 i bygdene våre. For tida er det difor ikkje dåp under vanlege gudstenester, sidan det ikkje er lov til å vera så mange samla i kyrkja på ein gong. Fram til 13. desember er tilrådinga frå kommunen at det ikkje bør vera samla meir enn 20 personar under offentlege arrangement.

 

Ta kontakt med oss på kyrkjekontoret dersom de ønskjer å døypa barnet dykkar.

Førebels brukar me helst dei store kyrkjene (Etne kyrkje og Skånevik kyrkje), der det er mogeleg å halda større avstand.

 

Sjå i kalenderen på startsida vår for å finna høveleg dato og kyrkje, eller gå direkte inn i lenkja Til dåpspåmelding, og søk på datoar fram i tid. Her kan de også melda dykk på til dåp.

Ved nokre gudstenester er det ikkje høve til dåp, anten av plassomsyn, eller på grunn av spesielt innhald. Generelt er det ikkje dåp på: Langfredag, 17. mai, bots- og bønedag, helgemesse, julaftan, og dei dagane der konfirmantane er i fokus (presentasjon-, samtale- og konfirmasjonsgudstenester).

 

Ta gjerne kontakt dersom de lurer på noko!

Etne kyrkjekontor:

Tlf. 53 77 11 70

sakshandsamar@etnekyrkja.no 

 

Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort.  Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.  Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»  Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Mark. 10, 13- 16

 

 

Tilbake