Interessegrupper konfirmantar 2026/27


Interessegrupper konfirmantar 2026/27


Det er 8 ulike interessegrupper, og alle skal vera med i ei gruppe. Det er ikkje sikkert at alle får førstevalet sitt, difor må ein velja 3 alternativ. 

 

Her finn du skjema for påmelding til interessegrupper for konfirmantar 2026/27

Foto krediteres: Bo Mathisen / Den norske kirke

Det er 9 ulike grupper, med​ ulike oppmøtestader - nokon i Etne og nokon i Skånevik:

  1. Lysmesse - 15 deltakarar
    Bli med å feire ei spesiell gudsteneste der lys er både tema og verkemiddel. Vi lagar våre eigne lys, men vil også utforske flytande stearin som kunstform – på eit slags vis.
    For den litt travle: 3 samlingar. Ferdig med lysmessa.
    Samling i Etne kyrkje
  2. Filmkveld Etne eller Skånevik - 5 plassar kvart sted. 
    Vi ser ein god film, ein film som set i gang tankar. Så et vi og pratar litt saman.
    2 lange samlingar (film + samtale) haust og 2 lange samlingar vår.
    I Etne eller Skånevik, avhengig av kven som melder seg og kor mange. 
  3. Soul teens - For alle som vil
    For den songglade! Bli med i godt kor, og syng på gudstenester og andre tilstelningar.
    Annankvar veke, ope for alle. 
    Oppmøtestad i Etne
    kyrkje
  4. Medhjelpar Fredagsklubb Etne eller Skånevik - 6 plassar, 3 kvar stad 
    Hugsar du Fredagsklubben? Kor kjekt det var den fredagskvelden i kyrkja og på bedehuset? Kunne du tenke deg å gje andre born same gode oppleving? 
    Samling 1. fredag i månaden – Etne kyrkje eller Skånevik bedehus
  5. Turgruppe - 15 plassar 
    Opp og ut! Vi går Stegane til Løkjelsvatnhytta og overnattar der. Kanskje finn vi på meir?
  6. Lesegruppe - 6 plassar
    For deg som er glad i å lese, og gjerne snakkar litt om det ein les, med andre som har lese det same og kanskje har ei anna oppleving av det vi leste?
    2 samlingar haust og 2 vår, samt minst to bøker!
  7. Fiskargruppe - 4 plassar 
    Jesus valde læresveinar blant fiskarar. De kunne både å hale garn, sløye fisk, filetere. Her går vi i fotspora til læresveinane og drar på sjøen for å fiske. Om det blir fangst, må ein både sløye og dele opp fisken. Må vi ete den også?
    3 turar til sjøs, oppmøte Skånevik
  8. Gudstenestegruppe - 8 plassar 
    Vere kyrkjetenar, styre lysbileta, hjelpe ved dåp, tenne lys
    2 gudstenester haust og 2 vår.
  9. Tømmermannen - 5 plassar 
    Jesus var tømmarmann. Lat oss gjere som hand? For deg som likar å bruke hendene! Har du prøvd å dreie av tre, eller vil du lage den perfekte julegåva til farmor eller mormor?
    3 samlingar haust og 3 samlingar vår.
    Samlingar i Etne
  • Kvar konfirmant vel 3 alternativ og prioriter rekkefølge 1-2-3 ​

  • Kvar konfirmant skriv namn på nokon dei gjerne vil vere på gruppe med.

  • Vi går ut frå at det er minst like viktig kven ein er med, som kva ein gjer. Dette vil spele med når gruppene blir laga. 

  • Det finst eit minstetal for kvar gruppe. Blir det færre, vil gruppa bli avlyst​. Men kva minstetalet er, vil bli klargjort etter påmelding.

  • Vi håper dette blir kjekt!

 

Her finn du skjema for påmelding til interessegrupper for konfirmantar 2026/27

 

Tilbake