Me starter opp med Babysong 25.august i Etne, og 2.september i Skånevik (på bedehuset). Du som har ein smårolling er også svært velkommen! Me har ei songstund og etterpå leik på matter. Felles lunsj etter songstunda, ta med niste :)
Me veit at det å komme seg ut døra med småborn kan vere ei bragd - så ikkje ver redd for å komme "forseint". På babysong kan du komme som du er!
Nytt i år er Babyyoga, med oppstart 1.september. Dette er eit tilbod til foreldre med born frå ca 6 veker til eit år. Samlinga består av song, leik, felleskap og yoga-økt for både mor/far og baby.
Det er Silje Lundal Eintveit som har babyyoga, ho er utdanna yogalærer, og er også lærer på Vindafjord Montessoriskule.
Både babysong og babyyoga er ein stad der me kan komma i lag i denna magiske tida barsels- og småbornstida er. Du kan komme akkurat slik du er, du treng ikkje ta med noko anna enn babyen - og evt ei niste :) Det er enten babysong eller babyyoga kvar tirsdag kl 12 i Etne kyrkje i haust. I Skånevik vert det babysong anna kvar onsdag på bedehuset. Hjarteleg velkommen!
Haust 2026 blir det desse tirsdagane i Etne:
25. august Babysong 20.oktober. Babyyoga
1.septmber Babyyoga 27.oktober Babysong
8. september Babysong 3.november Babyyoga
15.september Babyyoga 10.november Babysong
22. september Babysong 17.november Babyyoga
29.september Babyyoga 24. november (Juleavslutning, babysong og babyyoga)
13. oktober Babysong
Skånevik Bedehus babysong desse datoane:
2.sept 21.okt
16.sept 11.nov
30.sept 2.des (juleavslutning)
Ta med niste, me har te og kaffi.
Alle er hjarteleg velkomne!
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!
Anne Holter Vae, tlf 99158814 mail: av854@kyrkja.no
Etne kyrkjekontor tlf: 96016864
Artikkel frå Kyrkjeposten:

"Eg var med på babysong 2016/ -17. Babyar lærer gjennom song. Foreldre og barn blir betre knytt saman, difor er babysong ein fin aktivitet for dei som er heime med små barn. Når ein kjem på babysong, sit alle foreldra i ein sirkel på golvet saman med babyane sine. Det vart sunge songar til den enkelte babyen, og songar der me song til vår eigen unge."
Babyen elskar at far og mor syng til den, og bryr seg ikkje om kva songstemme me har. I kyrkja er det stor takhøgde, - du kjem dei gongene det passar for deg, og så er det OK å komma 15 minutt for seint. På babysong trefte me andre foreldre i same situasjon, som me kunne dela erfaringar med.
Alle er velkomne!"
(Astrid Harboe/ Etne sokneråd)